Ein Raulending på tur

Sikkert noen som drar kjensel på denne karen fra barkrakken, Tor Vaa fra Rauland skal som flere før kjøre Norge til Thailand
Skal prøve å legge ut litt oppdateringer her.
Han kan følges på Facebook :Ein Raulending på tur
Og på GPS :GPS Tracker

kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364

Kopi frå Vest-Telemark blad.
Tor skal køyre frå Rauland til Thailand på motorsykkel
Etter avreisa frå Noreg i morgon skal Tor Vaa (44) innom elleve land før han når sitt endelege mål i slutten av oktober – Pattaya i Thailand.
Ein glad raulending på tur: Tor Vaa gler seg til å oppleve austen på motorsykkel.
– Eg har jobba offshore i årevis, men i vår fekk eg sparken. Då fann eg ut at eg måtte gjera eitt eller anna artig, og valet fall på å køyre sykkel. Fyrst tenkte eg at eg skulle køyre frå Thailand til Noreg, men det var noko problem med dei thailandske papira eg har på sykkelen der nede. Eg har ein sykkel der òg, for eg har køyrd i Thailand dei fem siste vintrane, fortel Tor Vaa. Han står i garasjen han har hjå far sin i Rauland. Etter at han arva ein moped av bestemor si i Vå som ung gut, har han stått akkurat der og skruva. Så ofte han kan. Dag ut og dag inn, i alle år.
– Kvifor akkurat Thailand?
– Eg var på ferie der nede ein gong, og då leigde eg meg ein sykkel litt slik på måfå. Det var ein veldig artig måte å sjå landet på, og eg trefte nokon andre norske som gjorde det same der. Han eine av dei skulle selje sykkelen sin, så då kjøpte eg den i jola 2011. Etter det farta eg stadig rundt der nede i friperiodane mine. Eg trong ikkje nokon leilegheit eller nokon ting, eg hadde berre alt på sykkelen og køyrde rundt.
Så blei det berre meir og meir køyring i Thailand for Tor. Dei siste fem åra har han leigd leilegheit i Pattaya i vintersesongen.
– Eg har stort sett vore over heile landet. Eg har køyrd gjennom Laos og opp til Kina-grensa og sagt hei der, men der slapp eg ikkje gjennom. Me får håpe at det går betre denne gongen, nå som eg kjem andre vegen, seier Tor.
På arbeidsbenken, midt blant alt verktøyet, står PC-en hans open. Han viser alle reiserutene han har undersøkt og lagra. Alt er nøye tilrettelagt. Reisa han no skal ut på byrja han å planlegge i februar. Han skal køyre frå Rauland til Pattaya på ein fire år gamal Victory-motorsykkel.
– Takk, Thorbjørn!
I mars bestemte han seg for at han skulle gjennomføre, etter å ha sett at det var mogleg å gjera det på den måten han ville. Men det er slett ikkje ein enkel jobb å planlegge den tre månader lange turen.
– Dette er ei skikkeleg papirmølle. I Kina til dømes må du ha med deg offisiell guide kvar dag, og det kostar. I alt kjem eg til å bruke mellom 100 000 og 150 000 kroner på det her. Eg hadde pengar att etter offshore-åra mine, då. Og i staden for å investere i ny bil så køyrer eg noko gamal bròte, og brukar heller pengane mine på minne. Eg hadde to syklar nede i Thailand, men den eine selde eg i vår. Så då fekk eg finansiera turen. Eg trur ikkje Nav støttar dette. Eg kan jo prøve, men eg trur eg veit kva svaret blir, seier han med eit flir.
For å klare å få i stand alle papira han trong, kontakta han ein kar frå England som hadde køyrd om lag same rute for to år sidan.
– Eg ville høyre kva han hadde gjort. Han fortalde at han hadde bruka eit firma i England. Då me prata saman viste det seg at den gjengen han plar å køyre med planla ein tur i sommar òg, så eg kjem til å møte dei borti Russland og køyre saman med dei heile vegen ned til Laos. Der skil me lag, då dei køyrer via Laos rett til Thailand. Eg vil innom Vietnam fyrst, og køyre Ho Chi Minh-vegen frå nord til sør, seier Tor.
Tor og gjengen frå England, USA, Canada og Australia vil køyre omvegar. Det er viktig for dei at dette ikkje blir nokon stressetur.
– Me vil sjå mest mogleg, og stoppe og ta bilete både her og der.
Men det er stadig skjær i sjøen, som Tor sjølv seier.
– Me tenkte oss innom Tibet ein sveiv, men sidan eg er norsk vil dei ikkje sleppe meg inn. Det er på grunn av Jagland og Nobelprisen for nokre år sidan. Takk, Thorbjørn!
Den ruta han fyrst hadde planlagt må dermed endrast.
– Eg har prøva i fjorten dagar no, utan hell. Dei eg køyrer med er jo ikkje frå Noreg, så dei skal innom der. Difor endar det nok med at eg tek ei anna rute åleine medan dei er der. Akkurat det er ikkje heilt planlagt enno. Men, eg har ei stund på meg før eg kjem til Kina og må begynne å ta val, seier Tor.
Overnatting i jurt-hytter og hjå lokale
Han fortel at han har vore mykje på tur før, men at det då helst har vore over to veker. Denne gongen trillar han inn i Thailand rundt 29. oktober, viss alt går etter planen.
– Du er litt eventyrlysten, du?
– Ja, ein må no finne på eitt eller anna.
Dei neste månadane skal han få sjå mykje mange drøymer om å sjå. Tor fortel at han gler seg til å samle inn nye minne.
– Det blir veldig moro å sjå Kina, for der har eg aldri vore tidlegare. Også trur eg at fjella i Kirgisistan og Usbekistan er noko heilt for seg sjølv. Og sjølvsagt Vietnam.
I tillegg til dei nøyaktige reiserutene, har også alle overnattingar blitt planlagde og førehandsbestilte. Mange av dei på heilt vanlege hotell, men nokre av dei skil seg litt ut.
– Me skal mellom anna overnatte i ei slik jurt-hytte i fjellområda ein stad. Og ein anna stad er det ikkje nokon plass å overnatte, sidan me fer utanom allfarveg. Så då har me valt ei ordning der me bur heime hjå nokon lokale.
I bagasjen har han med seg dekk, filter, olje og elektriske delar. Han pakkar i nye sidevesker, som han sjølv lagar feste til i garasjen. Bakpå må han ha med seg ei verktøykasse.
– Det blir litt av ei last. Eg får nok ikkje plass til nokon bakpå. Det blir heller ikkje altfor mange skift med klede. Eg må heller prøve å vaske litt i dusjen på hotellrom.
Tor er vane med å ikkje ha reint tøy til kvar nye dag på sykkelen. Og det tek han i grunn med knusande ro. Det er liksom ikkje så nøye når ein lever på vegen på den måten. Plutseleg ser han veldig lur ut. Det er tydeleg at han har kome på noko artig.
– Eit par av karane eg skal køyre med frå Russland skal ha med seg kjærastane sine. Så då kan eg jo få dei til å vaske! Det blir sikkert populært. «Hallo, Tor her. Brukar du OMO?» ler han rått.
Fjellduk og ei halvflaske brennevin

kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364kaarethai.com/wbb4/index.php?a…4c681171f324c5205336ec364


(annonser2)

    0 0 votes
    Article Rating
    Subscribe
    Notify of
    0 Comments
    Inline Feedbacks
    View all comments
    0
    Would love your thoughts, please comment.x
    ()
    x